Torget Hotell opna i januar 2010, etter å ha gjennomgått omfattande restaurering. Opprinneleg var huset bygd som arbeidarbustad for Moldøen Canning Co. I 1918 tok Amanda Holvik over, og starta Holviks Pensjonat. Pensjonatet vart i drift fram til 1996, då huset vart solgt.
I kjellaren har byens brune pub, Jibben halde til sidan 60-talet. Frå 1996 og fram til 2008, var dei øverste etasjene leigde ut som hybelhus.
I 2008 tok Nordfjord Eiendom over bygget. Planen var å restaurere og oppgradere hybelhuset, men etter kvart vart planane endra, og i slutten av 2009 var hotellet ein realitet.
Omfattande ENØK-tiltak som etterisolasjon, miljøvenleg oppvarming frå varmepumpe, vannboren varme og nye vindauge med låg u-verdi, gir hotellet eit klimavenleg preg.
Hotellet drivast av Kraftstasjonen AS. Kraftstasjonen er ein fiskerestaurant som ligg eitt minutts gange frå hotellet. Hotellets gjestar kan nyte lokal mat og spennande fiske- og kjøtrettar på restauranten, som er sertifisert som Smak av Kysten-serveringsstad. Kraftstasjonen kan også levere mat til hotellet ved ønske.
|
 |
 |


|